ice lanserar 200 og 300 GB-pakkar for Mobilt Breiband
Etter særs mange førespurnadar om større datapakkar for Mobilt Breiband, lanserer ice to store nyheiter: Datapakkar på 200 og 300 GB. Og prisen? Den er meget staseleg for lommeboka!
Etter særs mange førespurnadar om større datapakkar for Mobilt Breiband, lanserer ice to store nyheiter: Datapakkar på 200 og 300 GB. Og prisen? Den er meget staseleg for lommeboka!
Mobilt Breiband har blitt eit fast inventar på hytta, i båten og heime. Mange brukar internett på hytta for å sjå ein god film etter ein aktiv dag, medan andre har erstatta tradisjonelt breiband med Mobilt Breiband frå ice. I takt med at dataforbruket går opp, har det kome mange førespurnadar om større datapakkar.
ice lyttar til kundane sine og lanserer difor to store nyheiter for Mobilt Breiband: Datapakkar på 200 og 300 GB. Altså ei dobling og tredobling av det som tidlegare var vår største datapakke. Med 300 GB data kan du – og familien – gå fullstendig bananas på internett, utan å vere bekymra for at dataen forsvinn på eit blunk. Om dataen ikkje skulle bli brukt opp, blir sjølvsagt attstående data overført til neste månad med Data Rollover.
300 GB er salig mykje data. For å setje det i perspektiv, gir vi deg ein liten oversikt på kor mange timar du kan bruke på Netflix og Spotify. Kort fortalt: ein treng ikkje vere redd for å gå tom for data ved alminneleg forbruk.
Merk: berekningane våre baserer seg på eksklusivt forbruk av tenestene.
Så mykje Netflix kan du sjå i dei ulike formata
SD: ca. 428 timar
HD: ca. 100 timar
Ultra-HD: ca. 42 timar
Så mykje musikk kan du lytte til med Spotify
Desktop 160 kbps: ca. 4 285 timar - eller 178,5 døgn(!)
Ein skal med andre ord høyre mykje før øyra dett av. Vi anbefalar sjølvsagt SD-format for Netflix, slik at du kan streame mest mogleg med Mobilt Breiband-abonnementet ditt.
Annan databruk, som til dømes bruk av sosiale medier eller surfing på vanlege nettstader, «kostar» vesentleg mindre data. Det er noko som vil gi deg ro i sjela når du sjekkar kor mykje data du har brukt. Data som ikkje har blitt brukt opp ved månadsskiftet, vil som alltid bli overført til neste månad med Data Rollover.
Det treng ikkje å vere grisedyrt med ein stor datapakke. ice har lagt seg på eit særs godt prisnivå. Ordinærprisane for 200 og 300 GB er høvesvis 699 kroner og 799 kroner. Nye kundar får halv pris dei 6 fyrste månadane. Data Rollover er inkludert i prisen. Ingen andre tilbyr større datapakkar enn ice, ei heller får du like mykje data til en så billig pris. Berre sjekk sjølv!
Alle nye kundar vil få eit eksklusivt velkomsttilbod. Bli kunde og få seks månader til halv pris! Eksisterande kundar kan oppgradere til 200 eller 300 GB ved å kontakte kundeservice via Messenger eller på telefon 21 00 00 00.
_____________________________________